STEINBAKT SURDEIGSKNEKKEBRØD

12.02.2021

Surdeigsknekkebrød lager eg med modna surdeigsstarter dels for å unngå å kaste overskuddsstarter og dels for at det er veldig godt. Knekkebrøda blir sprøe og får en veldig god smak samanlikna med tilsvarande knekkebrød eg har laga før utan starter. Eg bruker alltid modna og bakeklar starter då det gjev best smak. 

Oppskrifta her passer til 3 brett som er 45x45 cm store og knekkebrøda blir steikt på stein i Rofco. 


Eg bruker: 

300 gr modna starter (vanlegvis 1:2:2 starter:vatn:mjøl). Her kan du variere med grov og fin starter etter smak eller det du har til overs. 

1 L vatn

150 gr solsikkekjerner

150 gr gresskarkjerner

150 gr linfrø

150 gr sesamfrø

100 gr havregryn eller klemt rug

Sesamfrø og havsalt til topping


Slik gjer eg:

Mat opp surdeigen til total mengde (300gr) og set til modning i 6-8 timer (tida avhenger av romtemperatur). Samtidig måler eg opp 1 L vatn og bløytlegger frø like lenge som starteren modner. Havregryn eller valsa rug venter eg med. 

Ca 1,5 time før steiking varmer eg opp ovnen til 150 grader. 

Når starter er modna blander eg saman starter, bløytlagde frø og havregryn/valsa rug. Eg fordeler røra på 3 brett og smører tynt utover. Strør over ei klype havsalt og litt sesamfrø. 

Set bretta rett inni ovnen og steiker i 10 minutt. Tek så ut for å kutte opp i ruter før knekebrøda steiker i nye 20 minutt. Åpner døra og skrur av varmen. Deretter let eg bretta stå på steinen til ovnen og knekkebrøda er kalde. På den måten blir dei sprø, tørre og perfekt steikte. Ettervarmen i steinen passer heilt perfekt til å bake knekkebrød med.