SEMLOR
Semlor er den svenske varianten av fastelavensboller. Inspirert av oppskrifta til Fru Timian har eg laga ein variant med surdeig. Oppskrifta er til ca 20 boller på i overkant av 80 gram.
Eg bruker:
750 gr kveitemjøl
100 gr sukker
1 ts kardemomme
100 gr smør i terninger (temperert)
50 gr egg
423 gr melk (temperert) (63%)
8 gr salt
225 gr moden søt, fin starter (30%)
Fyll:
300 gr mandler
150 gr melis
1 dl kokande vatn
Piska krem
Slik gjer eg:
Eg baker bollane slik som beskreve i "Slik baker eg" - småbakst. Pensler bollane med egg før steiking og steiker dei ved 170 grader i 15-16 min i Rofco b40 på stein. I vanleg steikeovn er 220 grader passande temperatur.
Fyllet lager du ved å male mandler og blande i melis og kokande vatn. Eg kutter av ein trekanta topp i bollen, fyller hullet med mandelmasse og krem og legg trekanten på igjen.