COOPENHORN
Coppenhorn er noko alle som vaks opp i Stryn og omegn på 90-talet har eit nostalgisk forhold til. Disse fine horna med hint av kardemomme med ost og skinke på er eit skikkeleg godt matminne. Eg har prøvd meg på ein surdeigsvariant av disse ikoniske horna. Oppskrifta er til ca 18 horn på ca 150 gram.
(Sist oppdatert 17.06.2021)
Eg bruker:
1300 gr kveitemjøl
150 gr sukker
2 ts kardemomme
200 gr smør i terninger (temperert)
100 gr egg
745 gr melk (65 %)
13 gr salt (1%)
325 gr starter (25%)
Slik gjer eg:
Coopenhorn baker eg etter master prosedyre beskreve i "Slik baker eg" - småbakst. Eg pensler med egg og pynter med sesamfrø før steiking. Steiker horna på 170 grader i 17 min på stein i Rofco b40.